[HHD Hjemmeside] [NUPI Hjemmeside]
5. mai
Red.: Ivar Windheim
Norge har i 1990-åra blitt ei stormakt på olje- og gassmarknadene ("petroleum" er eit samleomgrep). Vi er den nest største oljeeksportøren i verda og nest største gasseksportøren i Europa, etter Russland. Veksten i produksjonen held fram som følge av politiske vedtak og betra produksjonsteknologi. Reservane er dertil langt større enn vi trudde og inntektene har blitt vesentlege for norsk økonomi og levestandard.
Ingen enkeltfaktor har større betydning for norsk økonomi enn oljeprisen, som har variert mye dei siste 20 åra som følge av krigar, marknadsinngrep, endringar i økonomisk utvikling og system osb. Både oljeprisens betydning for oss og Norges mulige innverknad på prisen gjør det viktig for norsk økonomi og utanrikspolitikk å forstå korfor oljeprisen varierer.
OLJE OG ANDRE ENERGIKJELDER
Mens olje blir handla over heile verda (globalt), er handelen med gass hovudsakleg regionalt avgrensa til Europa. Marknadene er imidlertid ikkje bare forskjellige i geografisk utstrekning. Måten salet foregår på og kordan prisane blir danna, er også ulike. Med ein del unntak kan vi seie at prisane på oljeprodukt langt på veg fastlegg prisen også for dei fleste andre av verdas energibærarar, enten det er gass, kol eller vatn. Dette skuldast blant anna at olje er den energibæraren som veg tyngst i verdas energiforbruk. Dessutan kan oljeprodukt erstatte dei fleste andre energibærarar. Prisane vi får for eksporten av råolje og naturgass, er langt på veg bestemde av den prisen dei endelege forbrukarane av oljeprodukt må betale. I tillegg til råoljeprisen må desse og betale avgifter til forbrukslandet, transport- og raffineringskostnader osb. Produsentlandet kan derfor få ein større eller mindre del av den endelege prisen. Her skjer det ei tautrekking mellom produsent- og forbruksland.
OLJEPRISEN GÅR OPP OG NED
Råoljeprisen er om lag den samme over heile verda når vi korrigerer for ulike kvalitetar og transportkostnader. Prisen kjem fram som ein sum av ei rekke forskjellige faktorar:
Organisasjonen av oljeeksporterande land (OPEC)
OPEC blei etablert i 1960 av fem av verdas den gong viktigaste oljeeksporterande land: Saudi-Arabia, Iran, Irak, Kuwait og Venezuela. Målet var å samordne oljepolitikken i medlemslanda og stabilisere "skadelege og unødvendige" svingningar i oljeprisen. Bakgrunnen for etableringa var ei aukande misnøye med at dei internasjonale oljeselskapa kunne bestemme prisar og utvinningstempo for oljeproduksjonen mot bare å betale (ofte låge) avgifter til vertslanda. Fram til 1973 var mesteparten av oljeproduksjonen i OPECs medlemsland overført til nasjonale oljeselskap. Da var medlemstallet auka til 13 med Algerie, Indonesia, Libya, Dubai/Dei sameinte arabiske emirata, Nigeria, Ecuador, Gabon og Qatar som nye medlemmar. Med kontroll over mesteparten av verdas eksportkapasitet for olje kunne OPEC administrere produksjonsmengder og pris. Norge er ikkje medlem, og utformer sin oljepolitikk uavhengig av OPEC. Det er imidlertid både diplomatisk og politisk kontakt med organisasjonen og viktige produksjonsland. |
Mange meiner at utviklinga kan peike mot lågare oljeprisar i framtida, med "OPEC-perioden" som eit avvik frå denne trenden. Desse viser gjerne til at det stadig blir oppdaga olje nye stader i verda, at eksisterande felt blir betre utnytta og at produksjonskostnadene blir lågare. Eit motsett syn er at etter som olje er ein ikkje-fornybar ressurs, vil det bli knappare med olje over tid, med stigande prisar som følge. Ifølge dette synet er prisnedgangen dei siste åra bare eit (midlertidig) unntak frå ein trend med prisstigning slik vi såg tidlig på 1970-talet.
To så motstridande syn viser at det er vanskeleg å forutseie oljeprisen. Vi kan imidlertid registrere at OPECs del av marknaden i dag igjen stig. Dette skuldast i hovudsak sterk vekst i etterspørselen i ei rekke asiatiske land med rask økonomisk vekst. Det er sannsynleg at bare land i Midtausten (OPEC-land) kan svare på ein slik fortsatt vekst i etterspørselsen over noe tid. På den andre sida auker produksjonen utanom Midtausten fortsatt mye, særleg i Norge og Venezuela. Teknologisk utvikling bringar kostnadene ned og produksjonen opp i tidlegare høgkostområde. Ei fortsatt betring i slike faktorar kan halde prisane nede på kort og mellomlang sikt.
Eit særpreg ved oljemarknaden er dei mange aktørane som
prøver å påverke han. På tilbodssida har særleg
Dei sju søstre og OPEC vore verksame. Sidan 1974 har imidlertid
også etterspørselssida blitt sterkare politisk påverka
(styresmaktene er meir involverte), oppmuntra blant anna gjennom Det internasjonale
energibyrå (IEA). Dei siste åra har auka bruk av petroleumsavgifter
dertil blitt eit viktig verkemiddel blant anna for å gi inntekter
til statskassa i forbrukslanda, noe som samtidige fører til at råoljeprisen
kan bli pressa ned. Europeiske forbrukarar av olje betaler no ca. 4 gonger
meir per fat olje enn det produsentane får. I 1985 var dette forholdstalet
bare 1.4.
Det internasjonale energibyrå
The International Energy Agency (IEA) blei oppretta i 1974 som ei sjølvstendig eining innan OECD. Forbrukarlanda, leia av USA ved utanriksminister Henry Kissinger, ønskte å gi OPEC ei motvekt ved å gjøre medlemslanda mindre oljeavhengige gjennom informasjon, energisparing, utvikling av alternative energikjelder, gjennom forskning og utvikling. IEA har også ein eigen plan for krisehandtering som kan tre i kraft i samband med ei oljekrise. |
Norge har ikkje økonomisk interesse av at avgiftene på bensin, diesel og andre oljeprodukt skal bli for høge. Eit samla auka internasjonalt avgiftstrykk kan nemleg føre til ein lågare oljepris og dermed redusere verdien av oljeeksporten vår. Som verdas nest største råoljeeksportør, med ein sterkt oljeavhengig økonomi, er dette blant dei internasjonale faktorane vi må ta omsyn til i utforminga av norsk oljepolitikk. Kampen om fordelinga av fortenesta i oljemarknaden vil halde fram. Denne kampen kjem gjerne til syne som produksjonsavgrensingar i produsentland og bruk av avgifter i forbrukarland. På den andre sida har vi interesse av eit betre og reinare miljø og dermed høgare avgifter på bruk av ikkje-fornybar energi. Produksjon og eksport av olje 1996 Dei tre største produsentlanda av olje er Saudi-Arabia, USA og Russland. Men USA forbruker dobbelt så mye olje som landet produserer, og blir med det verdas største importland av olje. Også av Russlands produksjon går mye med til eige forbruk. Det er land med høg produksjon og lite eige forbruk som er store på tilbodssida i oljemarknaden (som eksportørar), som Saudi-Arabia og Norge. På etterspørselssida representerer OECD-landa rundt 60 % av det samla forbruket i verda. Dette prosenttalet går imidlertid ned, da dei nye vekstøkonomiane i Asia og ein del andre (tidlegare) utviklingsland står for størstedelen av veksten i etterspørselen. Denne veksten må i all hovudsak dekkast gjennom import.
NORGE SOM GASSNASJON
Etter kvart som Europas største gassfelt til havs, Troll, kjem i full produksjon, blir Norge også ein enda viktigare gassnasjon. Mens vi dei siste 15-20 åra har produsert 25-30 milliardar kubikkmeter (BCM) gass, vil produksjonen om få år nå opp i 60-70 mrd. m3. All norsk gass blir selt gjennom røyrleidningar til EU-land. Norge vil om kort tid stå for rundt 20 % av EUs gassimport. Våre største konkurrentar er Russland, Algerie og Nederland. Utviklinga i desse landa betyr derfor mye for Norges stilling på gassmarknaden. Russland er verdas desidert største produsent og eksportør av naturgass. Rundt 35 % av gassreservane i verda ligg i Vest-Sibir, mens norske reservar utgjør rundt 1,4 %.
Transporten av gass i Europa går gjennom såkalla transmisjonsselskap der store mengder gass blir transportert over lange avstandar. Røyrleidningane desse selskapae bruker, kan vi sjå på som gasstransportens motorvegar. Frå desse motorvegane fordeler distribusjonsselskap gassen vidare til den enkelte forbrukar, særleg i byar (jf lokalvegar).
Prisen på gass er i hovudsak knytt til prisane på alternativ energi, som fyringsoljer. Særleg viktig for utviklinga av den prisen eksportøren oppnår, er råoljeprisen, avgiftspolitikken både på olje og gass og storleiken på kostnadene og fortenesta /kostnads- og fortenestemarginane/ til transportledda. Eksportprisane på gass har vore meir stabile enn oljeprisen det siste tiåret.
Dei store og fastlåste investeringane som blir gjort i produksjon, røyrtransport og blant dei som bruker gass, gir langt tettare band mellom verksemder og land enn i oljemarknaden. Dette har gitt seg utslag i svært omfattande og langsiktige kontraktar i marknaden. Mesteparten av norsk gass blir i dag selt under langsiktige avtaler (opp til 20 år) til dei store transmisjonsselskapa på Kontinentet som sel den vidare til kundane sine; lokale distribusjonsverk, elektrisitetsverk og større industriselskap. Dette har gjort det mulig - med rimeleg grad av økonomisk tryggleik - å kunne bygge ut kostbare anlegg på norsk sokkel.
I samband med utviklinga av EUs indre marknad blir det arbeidd for å
liberalisere den europeiske gassmarknaden. EU ønsker å fremme
konkurranse og effektivitet i heile gasskjeda, frå produsent til
forbrukar. Dette vil kunne føre til at Norge i større grad
må selje gassen direkte til dei som i dag er kundane til røyrselskapa.
Kontraktene kan da bli meir mangearta og kortsiktige. Utviklinga i avgiftspolitikken
på energi i EU-landa vil også påverke petroleumsprisane.
Gassprisane til produsent stig når avgiftene på oljeprodukt
aukar, men blir lågare dersom avgifter på gass aukar i forbrukslanda.
Det er viktig for Norge å kunne påverke måten EU-landa
organiserer gassmarknadene. Dette er særs viktig med tanke på
nye store langsiktige investeringar på sokkelen og kor mye vi vil
kunne tene i rollen som gass-stormakt på lengre sikt.